17 mai program 2021 Skaun

Skaunasongen Tekst: Bj. Slapgard – Tone: Lars Minsaas Der ligg ei bygd i mellom dalar to, med skog i kring så fager logn og god, der gror det grønt i legder og i lier, der glitrar snøen kvit ved vintertider. Små sjøar blinkar opp mot himlen blå, når våren vinn og isen rømer frå. Når blomen dryss i li av hegg og raun, då er det fagert her i gamle Skaun, når grågåsflokken kjem frå sudlandsferda og ber fram helsing i frå vide verda då bankar hjarta varmt for bygd og land og bind til heimen nye kjærleiksband. Og gamle soga full av dåd og draum, igjennom bygda ber sin minnestraum. Dei gamle tufter og dei gamle steinar, i famnen trufast gøymer namnet Einar. Høyr kyrkja nemner heilag Olavs navn og tårnet peikar inn i evig havn. Sjå kyrkjegarden stend med stein og kross, her blundar dei som rudde rom åt oss. Og mang ein trugen ein som sleit og kava fekk ingen kross og ingen stein på grava. Dei berre gav til andre traust og trutt, til graset løynde tuva hans til slutt. Gud signe kvar ei trufast arbeidshand, som kvila der på kyrkjegarden fann. Gud gjev di signing til dei unge hender, som heimen hegnar og som åker vender. Gjev vilje til å fylgje feders veg, og lei oss alle nærare til deg. Buvik-song Tekst og musikk: Leif Ofstad Æ e buviking, og det vil æ vårrå, fins itj nå likar så langt som æ vet. Om det e grønt eller vinter med skårrå, høre æ te her kor forfedran slet. Her e det vakkert, æ røres te tåra bærre æ skjer mæ omkreng litegrann. Gulosen blenke med skiftende båra, Buvika skin ifrå høgd og te strand. Sjøl når æ reise bort, legg ho å tindre, perla med mølna og skogås og li. Kor hen æ fær, sjer æ klart i mitt indre garda og grende i hembøgda mi. Kjære buvikinga, unge og gamle, trufast mot arven i dag som i går, Lett oss gå videre uten å famle, lett oss gi varme åt hembøgda vår.

RkJQdWJsaXNoZXIy MjAzOTc=