SOROPTIMA nr 3 2024

6 NORSK SOROPTIMA • MEDLEMSNYTT • Grunneigar Knut Finne orienterte om Finnesloftet. Dette er eit loft som står på garden Finne i Gulfjordungsvegen på Voss. Fortidsminneforeningen er eigar av bygget som er frå 1295 og er rekna som eit av dei eldste verdslege bygga i Noreg. Byggestilen er spesiell med lafta tømmer nede i 1.etg, og stavar oppe i 2.etg. Hallen har vore brukt som forsamlingslokale. Det er og ei brevsamling frå mellomalderen, som er ei omfattande kjelde til kunnskap om livet då. Knut Finne gav eit interessant føredrag om ulike eigarar opp gjennom tidene, bl.a. har det vore fleire kvinnelege eigarar enn mannlege. Her kom han inn på Magnus Lagabøte si Landslov (som har 750-årsjubileum i år). Denne lova gav kvinner sterkare rettar. Etter ein kort spasertur til forsamlingslokale i Finne Burettslag, starta møtet med lystenning ved Edle Utåker, Vibeke Knudsen og Kristine Saue Farestveit. Kristine las og appellen. Lystenning med f.v. distriktskontakt Vibeke Knudsen, president i Bergensklubben Edle Utåker og president i Vossaklubben Kristine Saue Farestveit Bosniske kaker Så var det tid for mat og sosialt samver. Det var laga til småbord, og det var fint pynta med blomar på borda. Det møtte 18 frå Bergen og 18 frå Voss. Klubbane sat blanda med annankvar plass til Voss/Bergen. Det blei servert ulike paiar, salat med dressing og focaccia-brød frå Lenes kjøkken. Praten gjekk ivrig rundt småborda, og maten var god. Til kaffien hadde eit medlem i Voss Soroptimistklubb, Najla Zagorcic, laga god bosnisk eplekake. Under maten blei det selt lodd til inntekt for Utdanningsfondet. Gevinstane var fire Flaxlodd. Det kom inn kr.4.000,-. Det blei sunge Soroptimistsong og Idas vise. Etter maten var det tid for nytt frå klubbane: Voss Soroptimistklubb ved presidenten Kristine Saue Farestveit. Klubben har delteke på Røde Kors si gruppe for ukrainske flyktningar. Det Distriktsmøte på Voss område vest Av Inga Kolltveit, SI Voss Voss Soroptimistklubb inviterte Bergen Soroptimistklubb til Distriktsmøte, kombinert med sommarmøte. I juni kom18 damer frå Bergen med toget,og blei henta på stasjonen. Første stopp var Finnesloftet.

RkJQdWJsaXNoZXIy MjAzOTc=