SOROPTIMA nr 3 2024

7 NORSK SOROPTIMA • MEDLEMSNYTT • er no færre flyktningar. Prosjektet til klubben er ein barneheim i Mostar, som ein har sendt pengar til over fleire år. Det er godt frammøte på medlemsmøtene. Ein har klart å få tak i gode føredragshaldarar bl.a. Fredrik Arthur, tidlegare nestleiar på ambassaden i Ukraina. Han snakka om Ukraina, kvinner og berekraft. Klubben har og hatt ei som fortalde om å leva i eit valdeleg forhold og livet etterpå. Bergen Soroptimistklubb ved presidenten Edle Utåker. Klubben har 40 medlemmer og har 5 arbeidsgrupper som har ansvar for møtene. Dei har Facebook-side og nettside. Klubben har hatt ulike aktivitetar bl.a. delteke i 8.marstog, markert oransje dagar med lys på det gamle Rådhuset i Bergen. Dei samarbeider med Bergen Kvinnesaksforening, Bergen Sanitetsforening og Innvandringsrådet. Prosjektet til klubben er: Hope Through Education, som gjev utdanning for jenter i Sør-Sudan. Dei sender kr.50.000,- i året. Lokalt prosjekt er samlingar med ukrainske kvinner ei gong i månaden. Elles støttar dei andre soroptimistprosjekt. Klubben har skaffa inntekter ved å selja juledekorasjonar (bjørkehjerter), sal av brukte kle og sko på Julemarked, og ved å servera på «store dagar» som konfirmasjon og bursdag. Satsingsområdet er rekruttering. Alle medlemmene skal føreslå 2 nye medlemmer under 60 år. Gjøvik Soroptimistklubb er modell for dette. Distriktskontakten Vibeke Knudsen orienterte om Distriktskontakt-­ samlinga som har vore. Ho deltok på Zoom. Ein ny organisasjonsmodell for ekstensjon skal opp på landsmøtet i Tromsø, bl.a. bruk av Zoom. Alle klubbar skal ha ein ekstensjonsansvarleg som skal vera kontaktledd til Unionen. Edle tok og opp at klubbane i sørvest har mykje samarbeid bl.a. med felles informasjon. Det er og forslag om å ha felles vervekampanje for heile landet, same veka våren 2025. Vibeke ønskjer å koma rundt i klubbane og halda foredrag om den nye Handlingsplanen. Ho oppfordra til bruk av sosiale medier - Facebook, Instagram, Linkedin. Det er kome ein oppdatert informasjons-brosjyre som klubbane kan kjøpa. Ny distriktskontakt frå 1.januar 2025 er Siren Netteland Holme. Finneloftet Bosniske kaker

RkJQdWJsaXNoZXIy MjAzOTc=