Mesterhus ROTmagasinet des 2021

Innerdører er ein viktig del av innreiinga i eit hus. Ønskjer du ei dør i same stil som resten av romet eller ønskjer du ein kontrast. Uansett kva du vel vil verknaden vere stor for det totale uttrykket. Når du skal velje ny innerdør, står du overfor mange val. Slett eller med speil, sidefelt, glas eller skyvedør? Tradisjonell kvit eller med farge? Kva dør må til for å oppnå lydisolering frå ungdomsrommet? Velger du kompakte eller massive dører og i tillegg karm med dempelist, reduserer du støynivået betraktelig. I tillegg unngår du slamringa som du gjerne har erfart frå tidlegare. Kompakte og massive dører kombinert med dempelist i karmen, gjev auka følelse av kvalitet og en behageleg lyd når du lukker døra. Det kan være vanskeleg å forstå forskjellen på pris og kvalitet på innerdører når dørene ser tilnærma like ut. Enkelt sagt er det tre forskjellige kvalitetsnivå på innerdører: • Lette dører har ei fiberplate ytterst og honeycomb-fylling i midten. Konstruk- sjonen gjer at døra har lav vekt og er dei rimeligaste dørene. • Kompakte dører har ei fiberplate ytterst og kjerne av trefiber i midten. Dette gjev langt betre lydisolering og meir tyngde og kjensle av kvalitet. Dei har også betre overflatebehandling. • Massive dører er dei mest stabile kvalitetsdørene. Dei har ein stamme av splitta og limt ramtre og massive speil av MDF eller trefiber. Saman med god overflatebehandling har disse dørene lang levetid. Du kjenner tyngda og kvaliteten i disse dørene når du opnar og lukker dei. Du kan enkelt bytte ut dine gamle innerdører, utan å skifte karm. «Snap-in»-hengsler vart standard på innerdører i 1972, og dette gjer at man kun treng å bytte dørblad når man ønsker nye dører. INNERDØRER er ein del av interiøret BYGG1

RkJQdWJsaXNoZXIy MjAzOTc=